Økt norsk-indisk samarbeid
I februar var ein stor norsk delegasjon i India for å underteikne samarbeidsavtalar og diskutere økt samarbeid mellom Noreg og India.
Publisert: 25.02.2014

Delegasjonen besto av representantar frå Kunnskapsdepartementet, SIU, Forskningsrådet og 11 høgskular og universitet.
Under opphaldet vart det gjennomført møte i Joint working group på myndigheitsnivå, bilaterale møter mellom norske og indiske institusjonar, samt i ein indisk-norsk forskningsworkshop (geohazards). I tillegg presenterte SIU norsk utdanning på University of Delhi si store utdanningsmesse og kulturfestival, Antardhvani.
Signerte avtalar
I løpet av opphaldet vart det signert ein ny avtale på departementsnivå som skal sikre ei betre forankring i relevante fagmiljø og tettare kopling mellom utdanning og forsking enn den tidlegare avtalen gjorde.
Samstundes underteikna SIU og University Grants Commission (UGC) ein samarbeidsavtale om eit bilateralt program med støtte til samarbeid om master- og ph.d.-utdanning. Programmet er finansiert både frå norsk og indisk side og det skal etter planen komme utlysning i løpet av våren 2014.
Universitetet i Oslo og University of Delhi underteikna ein avtale om utdanningssamarbeid mellom dei to institusjonane.