SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Skal styrke kvaliteten i norsk utdanning

Diku fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer.

Av: Andreas Kjeldsberg Pihl.

Publisert: 30.08.2018

Sjå direktør Harald Nybølet presentere det nye direktoratet i denne videoen:

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) er det fulle namnet på verksemda som er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) er slått saman.

Jobber du med utdanning? Meld deg på Diku sitt nyhendebrev

– Diku er ikkje berre eit nytt namn, det er ei tydeleg og synleg styrking av arbeidet for å fremme kvalitet i norsk utdanning, seier direktør Harald Nybølet.

Han er nøgd med at organisasjonen no har fullført samanslåinga.

– Kvar for seg har dei tre verksemdene i mange år bidrege til kvalitetsutvikling gjennom internasjonalisering, digitalisering og kunstnarleg utviklingsarbeid. No kan vi i enno større grad sjå desse verkemidla i samanheng og dra nytte av den samla kompetansen til våre mange dyktige medarbeidarar, seier han.

Nye oppgåver

Diku vidarefører verksemda til SIU, Noregsuniversitetet og PKU. I tillegg har direktoratet fått fleire nye oppgåver. Det har ansvar for arbeidet med å etablere ein nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning, og det har tatt over ansvaret for prestisjeordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU).

Diku har framleis ansvar for internasjonalisering i heile utdanningsløpet, inkludert barnehagar og grunnopplæring. Direktoratet fordeler konkurransemiddel, men har også andre oppgåver knytt til å utvikle og stimulere til kvalitet i høgare utdanning og fagskuler.

Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.