SIU har blitt Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Det vil komme et nytt nettsted tidlig 2019.

Studenter i fellesområdene

Tilleggsstipend

Alle norske studentar får ved utlandsstudier utanfor Norden dekt skulepengar inntil ei viss grense. Dersom skulepengar overstig denne grensa, kan ein få ytterlegare støtte, såkalla tilleggsstipend, til skulepengar ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet.

Tilleggsstipend til høgare utdanning utanfor Norden 2019/20

Norske statsborgarar får ved utlandsstudier utanfor Norden som hovudregel dekt skulepengar med inntil 131 000 kr i året. Dei som må betale meir kan få ytterlegare støtte, entan i form av ekstralån (kr 102 000) eller, ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden, som såkalla tilleggsstipend (inntil 71 000 kr). Totalt kan ein da få inntil 304 000 kr i lån og stipend per undervisningsår.

Merk: Desse satsane er for 2018/19. Satsar for 2019/20 kjem etter at statsbudsjettet vert endeleg vedteke i desember 2018.

Det er berre lærestadane som står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend som utløyser rett til tilleggsstipend. Kvalifiseringslista er ei kvalitetsrangering og er sett opp utan omsyn til kor vidt lærestadane krev skulepengar i det heile eller kor vidt skulepengane er så høge at ein treng tilleggsstipend for å dekke dei. Mange lærestader på kvalifiseringslista for tilleggsstipend har ikkje skulepengar. Skulepengar er i seg sjølv ikkje eit kvalitetsmål: at ein lærestad krev høge skulepengar betyr ikkje at utdanninga der er av betre kvalitet enn hos ein lærestad som ikkje krev skulepengar. 

Merk: Lånekassen betaler ut tilleggsstipend. SIU har fått delegert mynde frå Kunnskapsdepartementet til å setje opp kvalifiseringslista. Lånekassen oppgjev på sine sider at ein ikkje treng å søke spesielt for å få tilleggsstipend. 

Frå studieåret 2016/17 vart kriteria for kva for institusjonar som er godkjende for tilleggsstipendet endra. Kvalifiseringslista for tilleggsstipend byggjer på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda. Dei to rangeringane  er Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla  Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista, og for skuleåret 2019/20 kom 141 institusjonar med. 

Kva skjer når kvalifiseringslista vert endra frå år til år?

Kvalifiseringslista vert revidert kvart år. Dersom du er i gong med ein grad ved ein lærestad som då du byrja sto på kvalifiseringslista, vil du behalde tilleggsstipendet for heile graden sjølv om lærestaden fell ut av lista ved ei seinare revidering. Dersom du går på ein lærestad som ved listerevidering etter at du har byrja kjem inn under ordninga, har du rett på tilleggstipend frå og med det skuleåret der lærestaden kom med og til du har fullført grada di. Dersom lærestaden din kjem inn på lista medan du er under utdanning kan du ikkje krevje tilleggsstipend bakover i tid. For enkeltvise utvekslingssemester som del av ein grad er det kvalifiseringslista for det skuleåret utvekslinga skjer som gjeld, sjølv om utvekslinga har vore planlagt i fleire år. Merk at for enkeltvise utvekslingssemester kan norske lærestader ha samarbeidsavtalar som reduserer skulepengesatsen for deira studentar. 

Lista for studieåret 2019/20

Lista er ordna alfabetisk på land. Lærestadane er oppført alfabetisk under kvart land. Antal lærestader per land er oppført i parentes. Merk at der namnet på lærestaden peikar mot ein særskild campus eller avdeling av lærestaden, så er det berre denne campusen/avdelinga som kvalifiserer til tilleggsstipend. Til dømes har University of California ti ulike campusar, men berre sju av dei kvalifiserer til tilleggsstipend.

  

AUSTRALIA (8)

Australian National University

Monash University

University of Adelaide

University of Melbourne

University of New South Wales

University of Queensland

University of Sydney

University of Western Australia

 

BELGIA (3)

Catholic University of Louvain

Ghent University

KU Leuven

 

CANADA (6)

McGill University

McMaster University

University of Alberta

University of British Columbia

University of Montreal

University of Toronto

 

FRANKRIKE (3)

Ecole Normale Superieure - Paris

Sorbonne University - Paris

Paris-Sud University (Paris 11)

 

IRLAND (1)

Trinity College Dublin

 

JAPAN (2)

Kyoto University

University of Tokyo

 

KINA INKL. HONG KONG (9)

Fudan University

Peking University

Shanghai Jiao Tong University

Tsinghua University

University of Science and Technology of China

Zhejiang University

  

Chinese University of Hong Kong 

Hong Kong University of Science and Technology

University of Hong Kong

  

NEDERLAND  (9)

Delft University of Technology

Erasmus University Rotterdam

Leiden University

Radboud University Nijmegen

University of Amsterdam

University of Groningen

Wageningen University

Utrecht University

VU University Amsterdam

  

RUSSLAND (1)

Lomonosov Moscow State University

  

SINGAPORE (2)

Nanyang Technological University

National University of Singapore
 

STORBRITANNIA (20)

Cardiff University

Imperial College London

King's College London

London School of Economics and Political Science (LSE)

Queen Mary University of London

University College London

University of Birmingham

University of Bristol

University of Cambridge

University of Edinburgh

University of Exeter

University of Glasgow

University of Leeds

University of Liverpool

University of Manchester

University of Nottingham

University of Oxford

University of Sheffield

University of Southampton

University of Warwick

  

SVEITS  (6)

Swiss Federal Institute of Technology Lausanne (EPLF)

Swiss Federal Institute of Technology Zurich (ETH)

University of Basel

University of Bern

University of Geneva

University of Zurich

  

SØR-KOREA (2)

Seoul National University

Sungkyunkwan University (SKKU)
 

TAIWAN (1)

National Taiwan University

    

TYSKLAND (11)

Heidelberg University

RWTH Aachen University

Technical University Munich

TU Dresden

University of Bonn

University of Freiburg

University of Göttingen

University of Hamburg

University of Munich (LMU)

University of Tübingen

University of Würzburg

  

USA (56)

Arizona State University

Boston University

Brown University

California Institute of Technology

Carnegie Mellon University

Case Western Reserve University

Columbia University

Cornell University

Dartmouth College

Duke University

Emory University

Georgia Institute of Technology

Harvard University

Indiana University - Bloomington

Johns Hopkins University

Massachusetts Institute of Technology (MIT)

Michigan State University

New York University

Northwestern University

Ohio State University - Columbus

Pennsylvania State University - University Park

Princeton University

Purdue University - West Lafayette

Rice University

Rutgers, The State University of New Jersey - New Brunswick

Stanford University

Texas A&M University

Tufts University

University of Arizona

University of California, Berkeley

University of California, Davis

University of California, Irvine

University of California, Los Angeles

University of California, San Diego

University of California, Santa Barbara

University of California, Santa Cruz

University of Chicago

University of Colorado at Boulder

University of Florida

University of Illinois at Urbana-Champaign

University of Maryland, College Park

University of Michigan-Ann Arbor

University of Minnesota, Twin Cities

University of North Carolina at Chapel Hill

University of Pennsylvania

University of Pittsburgh, Pittsburgh Campus

University of Rochester

University of Southern California

University of Texas at Austin

University of Texas Southwestern Medical Center at Dallas

University of Virginia

University of Washington

University of Wisconsin - Madison

Vanderbilt University

Washington University in St. Louis

Yale University

  

ØSTERRIKE (1)

University of Vienna

  

Kontakt

Hvis du har spørsmål om selve kvalifiseringslisten:

Dag Stenvoll