Diku er resultat av at Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Noregsuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) blei slått saman 1. januar 2018.
Direktoratet er eigd av Kunnskapsdepartementet og arbeider i tillegg for Utanriksdepartementet, Europakommisjonen og Nordisk ministerråd.
Diku sine oppgåver
Diku skal fremme kvalitet i universitet og høgskular, fagskular og kunstnarleg utviklingsarbeid gjennom nasjonale og internasjonale insentivordningar, samt styrke kvalitet gjennom internasjonalisering i grunnopplæringa.
Direktoratet vidarefører oppgåvene frå SIU, Noregsuniversitetet og PKU og har i tillegg fått fleire nye oppgåver. Vi har ansvar for arbeidet med å etablere ein nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning, og har tatt over ansvaret for prestisjeordninga Sentre for framifrå utdanning (SFU).
Diku har hovudkontor i Bergen og kontor i Tromsø, med omkring 120 tilsette totalt.
Mellombels nettsider
Ein ny, samla nettstad vil vere klar tidleg i 2019. I mellomtida finn du informasjon om våre tenester og aktivitetar her:
Tildelingsbrev 2019
Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementet sitt årlege styringsdokument til Diku. Her kan du lese om regjeringa sine prioriteringar innan vårt område.
Tildelingsbrev for Diku 2019 (pdf)
Jobb i Diku
Har du lyst på jobb i Diku? Klikk her for oversikt over ledige stillingar
Finanisering
Diku er finansiert gjennom oppdrag frå:
- Kunnskapsdepartementet
- Utdanningsdirektoratet
- Utanriksdepartementet
- Norad
- Nordisk ministerråd
- Europakommisjonen
Offisielt namn på engelsk
- Norwegian Agency for International Cooperation and Quality Enhancement in Higher Education (Diku)
Organisasjonsnummer
986339523
Etikk
Diku følgjer etiske retningsliner for statstenesta og har i tillegg sine eigne etiske retningsliner.
Samfunnskontrakten for flere læreplasser
Utan fleire dyktige fagarbeiderarar stansar Noreg. Kunnskapsdepartementet og partane i arbeidslivet har derfor underteikna ein samfunnskontrakt for fleire læreplassar.
Hva gjorde vi i 2017?
Årsrapport 2017–2018 (PDF)
Nasjonale eksperter
Diku har fem nasjonale eksperter som er på utlån til EU.
Data og statistikk
Diku har en egen nettside med statistikk over internasjonalt samarbeid og mobilitet.