Ledige stillingar
Utanlandslektorat
I tillegg til jobbar i Diku formidlar vi også stillingar på vegne av utanlandske lærestader som lyser ut ledige utanlandslektorat
Les mer om utenlandslektoratet
Eksterne evaluatorer søkes
Diku søker nye eksterne evaluatorar som kan bistå oss med søknadsvurdering i samband med dei ulike internasjonaliseringsordningane vi har i vår portefølje.
Les meir om eksterne evaluatorar
Å jobbe med internasjonalisering og kvalitetsutvikling
Diku er eit nasjonalt direktorat under Kunnskapsdepartementet. Det betyr at vi jobbar tett opp mot politisk leiing og nært på dei som styrer politikken i hovudstaden.
Som ein av våre kolleger sa: – Ein kan ikkje arbeide med noko viktigare og meir interessant enn utdanning.
Diku har eit godt sosialt miljø på arbeidsplassen med interessante og støttande kollegaer.
Diku sine medarbeidarar har ein variert kompetanse innan programforvaltning, internasjonalisering, digitalisering, kunstnarleg utviklingsarbeid, kommunikasjon og utreiing. Mange av våre tilsette samarbeidar med utdanningsinstitusjonar over heile landet om ulike tiltak for kvalitetsutvikling, medan andre jobbar tett opp mot EU og verda for øvrig for å legge til rette for utveksling og mobilitet. Diku arbeider for heile utdanningsfeltet; frå barnehage til doktorgrad. Dette gir eit enormt spenn i arbeidsoppgåver og samarbeidspartnarar.
Som tilsett i Diku vil du ha spennande og interessante arbeidsoppgåver, og du vil få ny kunnskap og nye utfordringar. Diku har også gode pensjonsordningar.
Søke stilling ved Diku
Når du søker på ein stilling ved Diku må du hugse å merke søknaden med utlysningsnummeret som står i utlysinga.
Diku som arbeidsplass
Dei tilsette har ein variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, og fleire har utdanning på doktogradsnivå eller tilsvarande. I tillegg til eigne medarbeidarar administrerer Diku òg tilsetjingar av nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen og Cedefop, samt utanlandslektorat.
I Diku har vi både praksisplassar og individuell tilrettelegjing, i tillegg til lærlingar innan kontorfag og IKT. Senteret har ei balansert kjønnsfordeling og fleire tilsette med fleirkulturell bakgrunn, og kan tilby ein arbeidsplass i eit miljø der trivisel, personleg- og fagleg utvikling og respekt er viktig.
Diku er medlem i Statens pensjonskasse (SPK) og tilsette vert løna etter Statens lønnsregulativ. Vi praktiserer fleksibel arbeidstidsordning og er ei IA-verksemd. Senteret er sertifisert etter NS ISO 9001:2008.
Velkomstkomité: Blide Diku-kolleger sit klar for å ynskje deltakarar velkommen til den store årlege internasjonaliseringskonferansen for grunnopplæringa.